Hyllestad kommune Omsorgstenestene

Aktivitør - bidra med det "lille ekstra" i kvardagen

Hyllestad kommune har ledig 40 % stilling som aktivitør ved Eiklund sjukeheim.

Som aktivitør vil du bidra til

  • ein meiningsfull kvardag for brukarane våre 
  • gode opplevingar 
  • å oppretthalde eit visst funksjonsnivå.


Gjennom ulike aktivitetar vil ein sette brukarane i fokus og bidra med det "lille ekstra" i kvardagen. Sjukeheimen har ei fin arbeidsstove, og sansehage rett utforbi døra. Kulturskulen har jamlege besøk og bidreg med underhaldning og allsang, vi har òg to fysioterapeutar knytt til tenesta.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, leie og gjennomføre ulike aktivitetar for brukarane våre
  • Motivere brukarane til aktivitet og bistå i gjennomføringa
  • Bistå ved måltid (frukost)

Kvalifikasjonar

  • Gjerne fagbrev innan aktivitørfaget, men andre med interesse for faget kan òg søkje
  • Gode norskkunnskapar, særleg munleg 
  • Gjerne relevant erfaring innan estetiske fag
  • Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Vere kreativ og ha evne til å finne praktiske løysingar i ulike situasjonar
  • Du bør vere glad i mennesker og ikkje vere redd for å by på deg sjølv
  • Ha god evne til kommunikasjon, forståing og evne til å komme i kontakt med ulike typer mennesker

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og viktig jobb
  • Løn etter kvalifikasjonar og ansiennitet
  • God pensjonsordning
  • Gratis tilgang til treningsrom i idrettshallen
     

Vel møtt som søkjar! 

 

Del på:

Referansenummer:

019610708

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

22.09.2024

Arbeidsstad:

Eiklund sjukeheim, Sørbøvåg

Kontaktpersonar:

Adm.leiar Unni Systaddal

mob: +47 48179160

Fagleiar Hilde Håvåg

mob: +47 40414761

Adresse:

Åfjordvegen 903 6958 Sørbøvåg

Kart: