Hyllestad kommune

Rådgjevar NAV

Hyllestad kommune har ledig 100 % fast stilling ved NAV-kontoret frå snarast.

Kommunane Sunnfjord, Høyanger, Fjaler og Hyllestad har gjort vedtak om å etablere felles kontor "Nav Sunnfjord og Ytre Sogn" med Sunnfjord kommune som vertskommune frå 2025.

Aktuelle arbeidsoppgåver

  •  Heilskapleg oppfølging av NAV sine brukarar
  •  Hovudfokus i all dialog er arbeid, meistring og inkludering
  •  Sakshandsaming etter gjeldande regelverk, blant anna lov om sosiale tenester, foskrift om arbeidsretta tiltak og lov om folketrygd
  •  Vi tek atterhald om endringar i arbeids- og ansvarsområdet.  Du må rekne med å måtte utføre dei oppgåvene som til ei kvar tid er  naudsynte for at kommunen skal imøtekome brukarane sine behov.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • Utdanning på bachelor-nivå, gjerne innan samfunnsfag, sosialfag eller helsefag. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne (minimum B2)
  • Gode digitale ferdigheiter

Det er ønskjeleg at du har erfaring frå:

  • Tverrfagleg samarbeid
  • Samarbeid med verksemder og/eller utdanningsinstitusjonar
  • Oppfølgingsarbeid med sosialt utsatte flyktningar, ungdom eller familiar.
  • Sakshandsaming og bruk av lovtolkning
  • Kjennskap til  inkluderingsarbeid og inkluderingskompetanse i NAV

Personlege eigenskapar

  • Har gode samarbeidsevner, er positiv, tydeleg og løysningsorientert
  • Er struktuert og oppteken av god kvalitet i oppfølging og saksbehandling
  • Tek ansvar for eiga utvikling og medverkar til utvikling av andre sin kompetanse i kontoret

 Du vert medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar.  Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.  Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.

Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo

Vi ser fram til søknaden din

Om du har lyst å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

Velkomen som søkjar!

 

Relevante lenkjer:

Sjekk ut andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no om det er fleire i familien som ser etter jobb i kommunen vår

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

748029822

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

22.09.2024

Arbeidsstad:

Hyllestad

Kontaktpersonar:

Kommunalsjef Rolf Horne

tlf: +47 57789515

mob: +47 46937412

Leiar NAV region Sunnfjord, Magne Kjetil Berg

mob: +47 99241911

Adresse:

Lifjordvegen 7 6957 Hyllestad

Kart: