Du søkjer på stillinga

Lærling som helsefagarbeidar

  Våre personvernvilkår

Føremålet med behandlinga
Vi er oppteken av ditt personvern. Personopplysningane du deler med oss når du søkjer på ei stilling i Hyllestad kommune vert behandla for at vi skal kunne vurdere deg som kandidat til utlyst stilling.

Behandlingsansvarleg
Hyllestad kommune er behandlingsansvarleg for dei personopplysningane du registrerer gjennom vår rekrutteringsløysing. Vi brukar rekrutteringsportalen Easycruit for registrering av CV og søknad, som er ei skyteneste utvikla av Visma. Dei opplysningane du registrerer i samband med søknaden blir overført til vårt elektroniske sak- og arkivsystem for vidare saksbehandling. Sak- og arkivsystemet føl den offentlege standarden NOARK og arkivlova.

Behandlingsgrunnlag
For å kunne behandle personopplysningane dine i samband med rekrutteringsprosessen, treng vi ditt samtykke. Du kan når som helst trekke tilbake samtykket ditt til behandling av personopplysningar ved å sende ein e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no
Det er frivillig å gje samtykke, men dersom du ikkje gir samtykke vil vi ikkje kunne vurdere deg som kandidat til stillingar hos oss. Det same gjeld om du trekker tilbake samtykket ditt.
Du gir ditt samtykke ved å krysse av nederst på sida at du aksepterer personvernvilkåra.

Personopplysningar som vert behandla
Personopplysningar som vert behandla er dei du sjølv deler i samband med rekrutteringsprosessen, det vil sei namn og kontaktopplysningar, samt opplysningar om utdanning, arbeidserfaring og andre kvalifikasjonar. For enkelte stillingar er det krav om politiattest. Dersom dette er aktuelt for stillinga du blir vurder til, vil du motta meir informasjon om dette seinare i rekrutteringsprosessen.

Utlevering av personopplysningar
Hyllestad kommune deler berre dine personopplysningar med tredjepartar dersom det er ei lovbestemt plikt.

Easycruit er ei skyteneste som er utvikla av Visma. Dermed kan Visma-konsernselskap og deira underleverandørar av IT-tenester få tilgang til personopplysningar i samsvar med EU si personvernforordning General Data Protection Regulation (GDPR) og Lov om behandling av personopplysingar (personopplysningslova). Databehandlar utanfor EU er underlagt overføringsmekanismar som er godkjent av EU-kommisjonen.

Dine rettar
Du har rett til innsyn i dine personopplysningar og informasjon om korleis vi behandlar dei i rekrutteringsprosessen. Dersom registrerte opplysningar er feil eller ufullstendige, kan du krevje at dei vert retta, supplert eller sletta etter reglane i personopplysningslova. Du kan bruke funksjonane for profilredigering i Easycruit-kontoane dine for å slette, laste opp og redigere informasjon.

Personopplysningar som inngår i avslutta rekrutteringsprosessar vert sletta maunelt kvar 6. månad. Dersom du aksepterer eit jobbtilbod frå oss. vil dine personopplysningar ikkje bli sletta, men i staden bli behandla i samsvar med Hyllestad kommune sine retningsliner for behandling av personopplysningar for tilsette.

Du kan til ei kvar tid ta kontakt med Hyllestad kommune om spørsmål om innsyn, retting, supplering eller sletting av personopplysningar. Om du meiner vi ikkje behandlar personopplysningar på den måten regelverket krev, kan du klage til Datatilsynet. Informasjon om korleis du bør gå fram finn du på Datatilsynet sine nettsider.

Kontakinformasjon Hyllestad kommune:
- Adresse: Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad
- Telefon: 57 78 95 00 eller 57 78 95 04.
- E-post: postmottak@hyllestad.kommune.no

Personvernombod
Carl-Richard Nyborg-Christensen er vårt personvernombod. Du kan ta kontakt med han om du treng hjelp eller om det er noko du lurer på om kommunen si lagring av personopplysningar eller personvern.

Kontaktinformasjon personvernombodet:
- Car-Richard Nyborg-Christensen, telefon 952 01 004
- E-post: personvernombod@sysikt.no


  Allereie registrert?

 
Sida opnast i eit nytt vindauge