Hyllestad kommune Oppvekst, kultur og idrett

Leiar fritidsklubb

Vil du vere med å gje tilbod om eit trygt og godt aktivitetstilbod for barn og unge i Hyllestad? 

 

Hyllestad kommune vil halde fram med tilbod om fritidsklubb for barn og ungdommar i 5. - 10. klasse. Vi har opent ein ettermiddag i veka etter skuletid og fram til kl. 18.00.  Klubben nyttar sosialt rom i Hyllestadhallen som base.

Føremålet med klubben er å skape ein meiningsfull sosial arena der ungdommar og større barn kan vere saman med jamaldrande og trygge vaksne. Dei unge får vere med å ta avgjerd om aktivitetar og innhald i tilbodet.
Kvar gong skal det serverast eit varmt måltid som nokre av barna er med på å lage.
Fritidsklubben er ein viktig arena for utvikling av sosial kompetanse.

Hyllestad kommune har ledig fast stilling som leiar for fritidsklubben, 13,33 % stilling, frå 10.august 2026. Arbeidstid per veke utgjer 5 timar, inkludert føre- og etterarbeid/planlegging. Aktivitetstilbodet følgjer skuleruta.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og drifte fritidsklubben i samarbeid med kommunalsjef og dagleg leiar for frivilligsentralen og andre relaterte samarbeidspartnarar.
  • Planlegge og gjennomføre fritidsaktivitetar i samarbeid med deltakande barn/ ungdom og medarbeidarar
  • Planlegge og tilrettelegge for felles varmt måltid
  • Dialog og samarbeid med føresette

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan barne – og ungdomsarbeid, helse- og sosialfag, pedagogikk eller liknande.
  • Annan relevant utdanning og/ eller praksis kan vurderast.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Den som vert tilsett må kunne legge fram tilfredsstillande politiattest og helseattest.

Personlege eigenskapar

Du er ein utadvendt, påliteleg, trygg og tydeleg vaksen - med eit stort hjarte for barn og unge.
Du har god kunnskap om, og er interessert i, kva dagens barn/ungdom er opptekne av.
Du har gjerne ulike ferdigheiter eller interesser som kan vere relevant for klubben sine tilbod (til dømes innan handverk, data, friluftsliv, kunst, musikk)
Du er god på relasjonar, flink til å lytte, kommuniserer godt med barn og ungdom og vil bidra til å skape eit godt og inkluderande miljø.

Vi kan tilby

Ei stilling der du kan gjere ein forskjell i Hyllestadsamfunnet.
Pensjonsordning i KLP.
Løn etter kvalifikasjonar og tariff.

Del på:

Referansenummer:

929116779

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

05.07.2026

Tiltreding:

10.08.2026

Arbeidsstad:

Hyllestad skule

Kontaktpersonar:

Kommunalsjef Hildegunn Hatlem

tlf: +47 57789503

mob: +47 95889997

E-post: hildegunn.hatlem@hyllestad.kommune.no

Personalrådgjevar Unni Systaddal

tlf: +47 57789511

mob: +47 48179160

E-post: unni.systaddal@hyllestad.kommune.no

Adresse:

Lifjordvegen 6 og 7 6957 Hyllestad

Kart: