Hyllestad kommune Helse og omsorgstenestene

Vi søkjer etter støttekontakt

Er du interessert i ein meiningsfull jobb, der du kan bidra til å skape ein kvardag med meistring, glede og sosialisering for nokon?

Hyllestad kommune søkejr støttekontakt for voksen person som treng hjelp til å få ei meir aktiv fritid og for å unngå isolasjon. Det er aktuelt å delta på ulike arrangement som for eksempel: gå på tur, kafébesøk, handletur, basar eller bingo.

Vi søkjer nokon med varierte interesser som kan vere støttekontakt tre timer per veke.

Vi tilbyr

  • Meiningsfullt arbeidsoppdrag
  • Veiledning ved behov
  • Oppdragsavtale med godgjersle per time og utgiftsdekning etter avtale

Kvalifikasjonar

  • Det er ingen krav til formell utdanning, men vi legg stor vekt på personleg eignaheit
  • Du bør ha førarkort og tilgang til bil
  • Du er påliteleg og held avtalar
  • Du må kunne framvise politiattest i samsvar med lovverket, politiattesten kan ikkje vere eldre enn tre månader og skal leggast fram før tiltreding.

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å lytte aktivt
  • Du er trygg på deg sjølv
  • Du har evne til å sette tydelege grenser
  • Du er en roleg og tolmodig person
  • Pålitelegheit og evne til å halde avtaler

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos einingsleiar Linda Dalsøren Meier, telefon 577 89 513 eller 417 68 401.

 

Vi ser fram til å motta søknad frå deg!

Del på:

Referansenummer:

868125386

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

14.06.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Hyllestad kommune

Kontaktpersonar:

Einingsleiar helse Linda Dalsøren Meier

tlf: +47 57789513

mob: +47 41768401

Adresse:

Lifjordvegen 7 6957 Hyllestad

Kart: