Hyllestad kommune - omsorgstenestene

Helsefagarbeidar, fast 100 % stilling

Vi har ledig fast 100 % stilling som helsefagarbeidar i omsorgstenestene.

Kvifor søkje hos oss?

  • Du vil få ein variert arbeidsdag gjennom å gje stell, pleie og omsorg til pasientane 
  • Kjekke og kompetente kollegaer
  • Moglegheit til å arbeide på institusjon og/eller heimetenestene
  • Arbeidstid etter oppsett turnus, med arbeid dag, kveld og natt, 3. kvar helg
  • Sjukeheim og heimetenestene er lokalisert i same bygg, med omsorgsbustader i tilknytning
  • Gratis inngang til treningssalen i Hyllestadhallen

I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar.  Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.  og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.

Har du lyst å lese meir om livet som Hyllestading, sjekk ut Hyllestad info

Som helsefagarbeidar vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:

  • Gje pleie og omsorg med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for den enkelte i det daglege
  • Medikamenthandtering
  • Dokumentasjon i CosDoc pasientjournalsystem etter gjeldande regelverk 
  • Kontakt med pårørande
  • Bidra til godt samarbeid og informasjonsflyt på tvers av faggrupper og avdelingane

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.

Vi ønskjer at du har

fagbrev som helsefagarbeidar (hjelpepleiar, omsorgsarbeidar) og gjerne erfaring frå yrket.  Personlege eigenskapar, som t.d. kommunikasjonsferdigheiter, samarbeidsevner og bidrag til eit godt arbeidsmiljø, vil bli vektlagt.  Om du ikkje har fagbrev, vil vi likevel kunne vurdere søknaden din, dersom du ønskjer å ta slik utdanning, då vil vi kunne vere behjelpeleg å legge til rette for slik utdanning.

Det er nødvendig med førarkort for bil, kommunen har bilar til disposisjon i arbeidstida.  Det er krav om tilfredsstillande helse- og politiattest for stillinga.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få av einingsleiar Linn Christin Fløholm, telefon 478 71 866.

Vi ser fram til din søknad!

Ønskjer du å vere ein del av Hyllestad kommune si framtidige eldreomsorg?  Då er det deg vi leitar etter!  Vi ønskjer oss ein kollega som vil vere med å bidra til at pasientane våre opplever gode omsorgstenester, kvar dag er like viktig.

Relevante lenkjer/info

Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no

 

VELKOMEN SOM SØKJAR!

 

Del på:

Referansenummer:

880678250

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

19.04.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sørbøvåg

Kontaktpersonar:

Linn Christin Fløholm

Stilling: Einigsleiar omsorg

tlf: +47 57789605

Adresse:

Lifjordvegen 7 6957 Hyllestad

Kart: