HYLLESTAD KOMMUNE

Fagarbeidar Hyllestad barnehage

Eg kan – eg vil – saman får vi det til!

 

Vil du vere med og skape eit trygt og utviklande miljø for barn fylt med humor, glede og gode relasjonar? Set du barna først og kjenner deg att i vår visjon?

Då vil vi gjerne ha deg som vår nye kollega!

Vi søkjer inntil 2 fagarbeidarar i fast 100% stilling frå 1.august 2026

 

Arbeidsoppgåver:

• Vere ein god, raus og omsorgsfull vaksen i samspel med barna
• Delta i det pedagogiske arbeidet i barnehagen og på avdeling i tråd med rammeplan og årsplan for barnehagen
• Vere med og bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og god tone på avdeling/i barnehagen
• Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer og foreldre

Kvalifikasjonar:
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
Gode norsk kunnskapar
Den som vert tilsett må levere tilfredsstillande politi- og helseattest før tiltreding
Personlege eigenskapar og god relasjonskompetanse
Like å jobbe sjølvstendig og i team
Fagleg engasjert
Du må vere aktiv i leik og ha ein god porsjon humor og kreativitet
Glad i å vere ute
Verdiar som tillit, respekt, openheit og inkludering er viktige i utviklinga av Hyllestadsamfunnet, og dette ser vi etter hjå deg som søkjar.

Vi er oppteken av mangfald og likestilling, menn vert oppmoda om å søkje. Etter forskrift om særbehandling kan mannlege søkarar gis fortrinn til stilling ved tilnærma like kvalifikasjonar.

Vi kan tilby:
Gode høve til å leike – kvar dag – både ute og inne!
Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
Løn etter tariff
Medlemsskap i Noreg si beste pensjonsordning KLP
Gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår

Kvifor Hyllestad?
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire - kanskje akkurat deg?
Kommunen har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små. Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo

Om Hyllestad barnehage:
I Hyllestad Kommune har vi ein barnehage. Den ligg i Hyllestad sentrum, like nedanfor kommunehuset, i enden av Åfjorden. Vi har nydeleg utsikt utover fjorden og til det mektige Lifjellet. Barnehagen har kort veg til fjæra, fotballbana og til Kvernsteinsparken.
Barnehagen har fokus på å skape gode leike – og oppvekstmiljø for barna, og å ha kvalitet i tenesta. Som fagarbeidar er du med og bidreg i arbeidet med å utvikle barnehagen.

I Hyllestad Barnehage jobbar vi dette barnehageåret med satsingsområde barns åtferd – sosial kompetanse og grensesetting. Vi har fokus på den autoritative vaksenrolla, og jobbar med å lage gode og trygge rammer rundt barna. I tillegg har vi fokus på språk/språkutvikling og leikemiljø.

Barnehagen har plass til 54 barn fordelt på 4 avdelingar:
Glimmer - 9 barn 0-3 år
Skifer - 9 barn 0 -3 år
Granat - 18 barn 2 – 5 år
Konglomerat - 18 barn 2 – 6 år

Kontakt
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos styrar Britt Marit Børve, evt. hjå personalrådgjevar Unni Systaddal.
Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg!

Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

Del på:

Referansenummer:

770055261

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

19.04.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Hyllestad barnehage

Kontaktpersonar:

Barnehagestyrar Britt Marit Børve

tlf: +47 57789555

Personalrådgjevar Unni Systaddal

tlf: +47 57789511

Adresse:

Lifjordvegen 5 6957 Hyllestad

Kart: