Ledige undervisningsstillingar i Hyllestad kommune
Vi søkjer etter undervisningspersonale til Hyllestad skule frå 1.8.2026.
Kvifor søkje hos oss?
- Du vil få ein interessant, spennande, meiningsfull og variert arbeidskvardag på vår nyoppussa 1.-10. skule
- Du kan utgjere ein forskjel for dei ca 113 elevane i Hyllestad og du får høve til å påverke skulemiljøet
- Som lærar vil du ha forholdsvis få elevar å følgje opp
- Kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø, 28 kollegaer ventar på deg!
- Skuleåret 2026/2027 skal skulen vere pilot for utprøving av valfag for 5.-7.kl.
Vi ønskjer oss deg som vil vere med å sikre god undervisning og bidra til eit trygt, varmt og inkluderande lærings- og skulemiljø.
I tillegg vert du medlem i SPK, eit av landets beste pensjonsordningar.
Kvifor Hyllestad?
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?
Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små - og rimelege barnehageplassar.
Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut hyllestadinfo
Hyllestad skule og sfo er ein 1-10-skule, den einaste skulen i Hyllestad kommune. Skulen ligg fint til i Hyllestad sentrum, idrettshallen er i nabobygget og idrettsbana rett attmed. Her er kort veg til skog, turområder og sjøen.
Undervisningspersonale med godkjent pedagogisk utdanning:
- Tysklærar for elevar på ungdomstrinnet.
- Andre aktuelle fag er norsk, matematikk, krle, kunst og handverk og kroppsøving - dette gjeld både 1. - 7. klasse og 5. - 10. klasse.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. I tråd med lov- og regelverk må vi ha politiattest og eigenerklæring knytt til tuberkulose/MRSA på plass før tiltreding.
Kontakt
Fleire opplysningar om stillinga kan du få frå rektor Kristin Eimind, tlf. 577 89 553.
Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg. Vi har eit godt arbeidsmiljø på skulen, kjekke elevar og gode kollegaer, felles lunsj på pauserommet og kollegatrim ein gang i veka. Som kommunalt tilsett får du gratis tilgang til treningssenteret i idrettshallen vår.
Vi ser fram til din søknad!
Vi søkjer etter ein medspelar som ønskjer å vere med å forme Hyllestadskulen framover. Som lærar får du høve til å påvirke kvardagen til elevane og kollegaene, fremje positiv endring og skape eit støttande læringsmiljø.
Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!
Relevante lenkjer/informasjon
- Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar
- Hyllestad.info
- Informasjon om bustadtilskot til førstegangsetablerarar
- Sjå film om den fine kommunen vår!
- Gratis tilgang til treningssalen i idrettshallen
Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no
Gjere for å lære - saman i trivsel og tryggleik!
Regjeringa har på høyring sak om ettergjeving av studiegjeld frå 2026, med krav om butid i ein distriktskommune. Hyllestad er ein av dei kommunane du kan få ettergjeve gjeld. I tillegg er det eigne reglar om studiegjeld for lektorar/deg med 5-årig lærarutdanning.
Del på:
Referansenummer:
000075717
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
13.04.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Hyllestad skule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.noAdresse:
Lifjordvegen 6 og 7 6957 Hyllestad