Lærling som helsefagarbeidar med utdanningsstipend
Vi har ledig læreplass for lærling som helsefagarbeidar.
Kvifor søkje hos oss?
- Du vil få ein variert arbeidsdag gjennom å gje stell, pleie og omsorg til pasientane
- Eigen praksisrettleiar
- Kjekke og kompetente kollegaer
- Allsidig praksis innananfor tenesteområde til omsorg
- Arbeidstid etter oppsett årsturnus, med arbeid dag og kveld (ikkje natt som lærling)
- Sjukeheimen og heimetenestene sin base er lokalisert i same bygg, med omsorgsbustader i tilknytning
- For lærlingar unde 25 år kan vi tilby eit stipend på 100.000 mot 2 års bindingstid etter avlagt fagprøve
Som helsefagarbeidarlærling vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:
- Gje pleie og omsorg med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for den enkelte i det daglege
- Dokumentasjon i CosDoc pasientjournalsystem etter gjeldande regelverk
- Bidra til godt samarbeid og informasjonsflyt på tvers av faggrupper og avdelingane
Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.
Vi ynskjer deg som
- har fullført 2 år på vidaregåande, og har igjen praksistida
- er motivert
- vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
- er glad i menneske
- viser omsorg og respekt for andre
Det vil bli nødvendig med førarkort for bil når ein skal arbeide i heimetenestene, kommunen har bilar til disposisjon i arbeidstida. Det er krav om tilfredsstillande helse- og politiattest for stillinga.
Kontakt
Fleire opplysningar om stillinga kan du få av einingsleiar Linn Christin Fløholm, tlf.57789605/47871866.
Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.
Vi ser fram til din søknad!
Ønskjer du å vere ein del av Hyllestad kommune si framtidige eldreomsorg? Då er det deg vi leitar etter! Vi ønskjer oss ein kollega som vil vere med å bidra til at pasientane våre opplever gode omsorgstenester, kvar dag er like viktig.
Relevante lenkjer/info
- Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar
- Hyllestad.info
- Informasjon om bustadtilskot til førstegangsetablerarar
- Sjå film om den fine kommunen vår!
Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no
VELKOMEN SOM SØKJAR!
Del på:
Referansenummer:
784175171
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
15.03.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Hyllestad kommune
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.noAdresse:
Åfjordvegen 903 6958 Sørbøvåg