HYLLESTAD KOMMUNE

100 % stilling for helsepersonell i psykisk helse- og rustenestene

 

Vi søkjer etter deg som er interessert i å arbeide med psykisk helse, hovudsakleg for vaksne og unge, men vi arbeider og med familiar. Stillinga inngår i helseavdelinga, med einingsleiar i helse som næraste overordna.
Psykisk helse- og rusomsorg har recoverybasert tilnærming til rehabilitering og habilitering. Overordna målsetning er å bidra til brukarane si mogelegheit til å oppretthalde og/eller få att si fysiske, sosiale og/eller psykiske meistringsevne. Tenestetilboda bidreg til å motverke isolasjon, styrke sosiale ferdigheiter, auke autonomi og meistring.
Tenesta gjev tilbod om samtalar og miljøterapi til personar med psykisk helse- og rusutfordringa heimehøyrande i kommunen. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerleg oppfølging, med trygge og føreseielege rammer. Mykje av arbeidet vil vere ein til ein oppfølging. Dette medfører ei stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at du er trygg på eigne avgjersle og grenser.
Tenesta er lokalisert i same bygg som legekontor og helsestasjon. Det er etablert tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid internt og eksternt. Kommunen har stort fokus på tidleg innsats og førebyggande arbeid.

Kvifor søkje hos oss? 

• Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
• Arbeid på dagtid
• Du får opplæring og veiledning, og moglegheit for å utvikle eigen kompetanse
• Rettleiing med psykolog for fagleg påfyll
• Godt arbeidsmiljø
• Gode avtalevilkår og tilgang til treningssenter
• Løn etter kommunen sitt regulativ
• Medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP
• Det er mogleg å søkje om sletting av utdanningsgjeld jf. ny ordning for distriktskommunar

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire - kanskje akkurat deg?

Kommunen har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små. Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo

Som medarbeidar vil arbeidsoppgåvene dine mellom anna vere: 

• Målretta psykisk helse- og rusarbeid i kommunehelsetenesta
• Personleg oppfølging av tenestemottakarar, samtalar og miljøterapi
• Hjelp til å lage struktur i kvardagen
• Koordinator
• Aktivitetstilbod
• Dokumentasjon og journalføring
• Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
• Rapportering

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov. 

Kvalifikasjonar

• Autorisasjon sjukepleier/vernepleiar. Anna relevant høgskuleutdanning kan bli vurdert.
• Vidareutdanning innan psykisk helse og rus. Relevant erfaring innanfor fagfeltet psykisk helse og rus kan kompensere for manglande vidareutdanning.
• Arbeidserfaring frå fagfeltet psykisk helse og rus
• Gode evner for kartlegging og observasjon
• Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
• Gode IKT-ferdigheitar
• Førarkort for personbil klasse B

 

Tilsetting føreset godkjent helseattest (smittevern) og politiattest i samsvar med lovverket. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn tre månader og skal leggast fram før tiltreding.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos einingsleiar helse, Linda Dalsøren Meier eller personalrådgjevar Unni Systaddal.

Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg! Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset, felles lunsj i kantina og kollegatrim ein gang i veka. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.

Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

Relevante lenkjer

Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar
Hyllestadinfo

Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no

Del på:

Referansenummer:

101767195

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

22.02.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Hyllestad kommunehus

Kontaktpersonar:

Einingsleiar helse Linda Dalsøren Meier

tlf: +47 57789513

mob: +47 41768401

Unni Systaddal

Stilling: Økonomi- og personalrådgjevar

tlf: +47 57789511

mob: +47 48179160

Adresse:

Lifjordvegen 7 6957 Hyllestad

Kart: