Omsorgstenestene i Hyllestad

Ferievikar i omsorgstenesta

Dei faste tilsette skal avvikle velfortent ferie og vi treng sommarvikarar frå ca veke 26 - 32.

Vi har behov i:

  • pleien ved institusjonen
  • heimesjukepleien
  • miljøarbeid
  • BPA
  • reinhald/vaskeri

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåvene er varierte alt etter kvar du jobbar, dette kan vere pleie, omsorg, miljøarbeid og kjøkkenoppgåver.  I hovudsak vil det vere oppgåver knytt til utføring av stell og pleie, tilsyn og miljøarbeid, samt hjelpe til ved måltid/mating.  
  • Arbeid etter oppsett turnus, både dag, kveld og helg.  Moglegheit for å arbeide 2. kvar helg i sommar etter eige ønskje.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du er under utdanning eller har fullført utdanning innan helse- og sosialfag, dette gjeld både yrkesfagleg retning og høgskuleutdanning
  • Søkjarar til arbeid i heimetenesta må ha førarkort for bil
  • Tilsetting føreset godkjent politiattest og helseattest (smittevern) i tråd med lovverket. Politiattestan kan ikkje vere eldre enn tre månader og skal leggast fram før tiltreding
  • Vi ser det som viktig at du likar eldre mennesker, kan vise omsorg og bry deg om andre
  • Søkjarar må vere fylt 16 år ved oppstart i jobben

Vi kan tilby

  • 80 - 100 % vikariat
  • Opplæringsvakter med løn
  • Bonusordning på kr 5000 for dei som inngår avtale om arbeid samanhengande i minimum 4 veker i hovudferieperioden
  • Eigen lønsstige for sjukepleiar- og vernepleiarstudentar
  • God pensjonsordning
  • Fri tilgang til treningsrom i idrettshallen
  • Gode moglegheiter for vidare jobb, både fast, vikariat og på tilkalling

 

Velkomen som søkjar!

 

Del på:

Referansenummer:

059566950

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Sesong

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

01.03.2026

Arbeidsstad:

Hyllestad kommune

Kontaktpersonar:

Einingsleiar Linn Christin Fløholm

tlf: +47 57789605

mob: +47 47871866

Personalrådgjevar Unni Systaddal

mob: +47 48179160

Adresse:

Åfjordvegen 903 6958 Sørbøvåg

Kart: