Hyllestad kommune Oppvekst, kultur og idrett

Danselærar

Vi søkjer etter danselærar i 60 % stilling frå 1. august 2026

Kvifor søkje hos oss?

  • Viktige, interessante og meiningsfulle oppgåver ventar på deg
  • Kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
  • Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse

I tillegg vert du medlem i KLP, ei av landets beste pensjonsordningar.  Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

- Les meir om kulturskulen: Kulturskulen i Hyllestad, Askvoll og Fjaler - Hyllestad kommune

Som danselærar vil arbeidsoppgåver mellom anna vere:

  • Planlegge og gjennomføre dansetimar for barn og ungdom i ulike aldersgrupper
  • Legge til rette for kreativitet, meistringsglede og fellesskap gjennom dans
  • Bidra til kulturskulen sine danseforestillingar/show og andre aktivitetar
  • Samarbeide tett med kollegaer og kulturkontaktar i regionen
  • Kommunisere godt med elevar og føresette

Vi ser for oss at du har

  • Utdanning innan dans
  • Praktisk pedagogisk utdanning eller undervisningserfaring med barn og unge
  • Gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement og tryggleik i læringsmiljøet
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar

Personlege eigenskapar for stillinga er viktig, vi ser etter ein medarbeidar som er engasjeert, fleksibel og strukturert. Du bør ha eit høgt nivå på dans, vere positiv og inkluderande og ha evne til å tilpasse undervisninga til elevar med ulik alder, erfaring og nivå.

Tilsetting føreset godkjent politiattest i samsvar med lovverket. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn tre månader og skal leggast fram før tiltreding.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos kulturskulerektor Mats W. Systaddal, telefon 974 60 697.

Kulturskulen i Hyllestad, Askvoll og Fjaler er ein interkommunal kulturskule med visjonen «Oppleve, skape, meistre». Kulturskulen har om lag 380 elevplassar og held til i moderne lokale i alle tre kommunane. Vi har også ein annan danselærar som er tilsett hjå oss. Vi ser fram til søknaden din!

Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad.  Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

Relevante lenkjer

 

Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

286091241

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

15.02.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Hyllestad, Askvoll og Fjaler

Kontaktpersonar:

Kulturskulerektor Mats Willemoès Systaddal

tlf: +47 97460697

Adresse:

Lifjordvegen 6 og 7 6957 Hyllestad

Kart: