Reinhaldar
Hyllestad kommune har ledig fast 70 % stilling som reinhaldar. Aktuell arbeidsstad er Hyllestad omsorgssenter Eiklund, Sørbøvåg.
Reinhald på institusjon og praktisk bistand i heimen. Vi har tilrettelagt for reinhald på dagtid.
Vi ser etter ein medarbeidar som tar eit aktivt ansvar, er engasjert og ansvarleg i si rolle i organisasjonen vår.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg reinhald av kommunen sine lokaler i tråd med reinhaldsplan
- Praktisk bistand (reinhald) i heimane rundt om i kommunen
- Avfallshandtering
- Bruk av ulike reinhaldsmaskiner
- Periodisk reinhald/nedvask
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med fagbrev, men ikkje eit krav
- Helst relevant erfaring som reinhaldar
- Gode norskkunnskapar
- Førarkort kl. B, kommunal bil til disposisjon
Personlege eigenskaper
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Ansvarsbevisst, påliteleg, ryddig og serviceinnstilt
- Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Den som vert tilsett må vise fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Vi tilbyr
- Fagleg godt arbeidsmiljø, trivelege kollegaer
- Moglegheit for å ta fagbrev på jobb
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- God arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Hjelp til å skaffe bustad, barnehageplass og tips til ein eventuell jobb til partnar
Velkomen som søkjar!
Del på:
Referansenummer:
665460113
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
23.11.2025
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Hyllestad omsorgssenter
Kontaktpersonar:
Personalrådgjevar Unni Systaddal
mob: +47 48179160
Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.noAdresse:
Åfjordvegen 903 6958 Sørbøvåg