Hyllestad kommune

Helsefagarbeidarar

Vi søkjer etter helsefagarbeidarar til omsorgstenestene, og har ledige faste 100 % stillingar 

Kvifor søkje hos oss?

  • Interessante, spennande, meiningsfulle og varierte oppgåver ventar på deg
  • Du kan utgjere ein forskjel og vere med å skape gode dagar for pasientane våre, både i heimetenesta og ved sjukeheimen
  • Du får samarbeide med kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
  • Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse 
  • 3-delt turnus, per i dag har vi årsplan

I tillegg vert du medlem i KLP, ei av landets beste pensjonsordningar.  Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.  Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.

Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo

Hyllestad er ein av kommunane der du får sletta 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år til dess det er nedbetalt. Du må vere busett i Hyllestad, og vere yrkesaktiv i minst eitt år før ordninga vert gjeldande for deg.

Som helsefagarbeidar vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:

  • Yte pleie og helsehjelp til pasientane våre
  • Medikamenthandtering i samråd med sjukepleiar
  • Oppfølging av individuelle planar
  • Bidra og sikre til god kvalitet og forsvarlegheit i tenesta
  • Tverrfagleg samarbeid, deltaking i utvikling- og forbetringsarbeid
  • Journalføring i CosDoc, kontakt med pasientar og deira pårørande

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.   

Du må ha

autorisasjon som helsefagarbeidar (hjelpepelpleiar, omsorgsarbeidar) og beherske norsk.

Tenkjer du om deg sjølv at du er evne til å gje omsorg og tryggleik, har eit heilheitsblikk, samt er motivert for å arbeide med eldre og sjuke pasientar, då er du nok ein god kandidat for oss.

For å arbeide i heimesjukepleien er det naudsynt med førarkort for personbil, vi har eigne bilar i tenesta. Heimetenestene er lokalisert i same bygg som institusjon og det er ynskjeleg at ein som tilsett er fleksibel og kan ta vakter på båe stadar. 

Tilfredsstillande politiattest må leverast før tiltreding, samt eigenerklæring om smittevern.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos kst. einingsleiar Hilde Merethe Håvåg, tlf. 404 14 761 eller personalrådgjevar Unni Systaddal, tlf. 481 79 160.

Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg.  

Tilsette i Hyllestad kommune får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.  

Vi ser fram til søknaden din!

Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad.  Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

Søknadane vert vurdert etter kvart som dei kjem inn, så ikkje vent med søknaden din.

 

Relevante lenkjer

Del på:

Referansenummer:

826880001

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Tiltreding:

Snarast/etter avtale

Arbeidsstad:

Hyllestad omsorgssenter

Kontaktpersonar:

Kst. einingsleiar Hilde Håvåg

mob: +47 40414761

Personalrådgjevar Unni Systaddal

mob: +47 48179160

Adresse:

Åfjordvegen 903 6958 Sørbøvåg

Kart: