Hyllestad kommune Hyllestad kommune

Veterinær - ledig vikariat med driftstilskot

Hyllestad kommune har tre veterinærar som dekkar kommunane Hyllestad, Fjaler og Solund. Ein av veterinærane skal ha foreldrepermisjon i tida mai - september, og vi ser etter nokon som kan vikariere for henne i perioden (eller deler av perioden). Perioden kan verte forlenga med nokre månader i deltid, dette vil ein komme tilbake til om det vert aktuelt.

Området har hovudsakleg sau- og mjølkeproduksjon, inkludert inseminering, litt smådyr, hest og geit har vi òg. Arbeid i 3-delt vakt saman med dei to andre veterinærane. Det er etablert eit godt samarbeid mellom veterinærane og som vikar vil du få gode kollegaer å samarbeide med. Våren kan bli travel med lamming, i tillegg til andre veterinæroppgåver.

Kvalifikasjonar

  • Krav om norsk veterinærautorisasjon
  • Helst ha godkjent insemineringskurs (Geno)
  • Du må ha eige føretak og disponere eigen bil og utstyr
  • Du beherskar norsk munleg og skriftleg

Vi kan tilby

  • Deltaking i 3-delt vakt
  • Kommunalt driftstilskot, tilskot dagvakt kr 375 per time for virkedagar (kl. 08.00 - 16.00).
  • Vakttilskot: Her følgjer vi Landbruksdirektoratets (vaktskjema) sine gjeldande satsar, vaktbelastning over 1/3 utløyser eit tilskot på 100 % av gjeldande timesats i vaktskjema.
  • Kompensasjon for "Solund-dagar" kr 1.500 per tur (avgrensa til 40 turar per år).
  • Godt samarbeid med fagleg kompetente kollegaer
  • Hjelp til å finne bustad
  • Eit rikt lag- og organisasjonsliv i alle dei tre kommunane
  • Gode forhold for friluftsliv og naturopplevingar

Kontakt Hyllestad kommune ved landbrukssjef Johannes A. Folkestad tlf. 577 30 737 for nærare opplysningar.


Hyllestad kommune sitt landbrukskontor er del av eit vertskommunesamarbeid med Askvoll kommune.

Vi ser fram til at søknaden din dukkar opp i innboksen vår!

Del på:

Referansenummer:

717178708

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

18.05.2025

Kontaktpersonar:

Landbrukssjef Johannes A. Folkestad

tlf: +47 57730737

Adresse:

Lifjordvegen 7 6957 Hyllestad

Kart: