Hyllestad kommune

Førebygging, tidleg innsats og helsefremming

 

Hyllestad kommune har ledig 60 % fast stilling for arbeid med førebygging, tidleg innsats og helsefremming.

Arbeidsområdet vil vere i helse og oppvekst. Stillinga inngår i helseavdelinga, med einingsleiar helse som næraste overordna.

 

Hyllestad skal vere ein god kommune å vekse opp i, og vi skal ha eit tverrfagleg og samanhengande tenestetilbod for barn, unge og deira familiar.Tidleg innsats og førebyggande arbeid er i fokus. Stillinga handlar om førebyggande og helsefremmande arbeid i samsvar med nasjonale retningslinjer og veiledarar.

Arbeidsoppgåver

  • Samarbeide på systemnivå med blant anna skule om arbeids- og læringsmiljø, kartlegge, planlegge og organisere tiltak i samarbeid med andre faggrupper og tenester.
  • Vidareutvikle rutinar og praksis for førebygging, tidleg innsats og samarbeid for utsette barn, unge og unge vaksne
  • Følge nasjonal fagleg retningslinjer for samarbeid om tenester til barn, unge og deira familiar,  samt for det helsefremmande og førebyggande arbeidet i helsestasjon, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom.
  • Oppsøkande verksemd, bygge nettverk og drive miljøarbeid for barn, ungdom og familiar.
  • Helseinformasjon, helserettleiing, styrke trua på eiga meistring individuelt/ i gruppe
  • Kognitiv terapi/ psykologisk førstehjelp individuelt og/eller i gruppe
  • Barnekoordinator med rettleiingsansvar for koordinatorar i kommunen.

 Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleiar
  • Relevant vidareutdanning innan førebyggande og helsefremmande arbeid
  • Erfaring og kompetanse med motiverande intervju, kognitiv terapi, el liknande vil vere ein fordel.
  • Erfaring frå rehabilitering og/eller habilitering
  • God kjennskap til korleis kommunale tenester er organisert og fungerer
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Engasjement for førebyggande og helsefremmande arbeid
  • Evne til sjølvstendig arbeid og samhandling i team
  • Interesse for tverrfagleg arbeid
  • Interesse og initiativ til å delta i fagutvikling og kvalitetssikring av tenesta
  • Gode ferdigheiter med å bruke IT i fagleg dokumentasjon og som arbeidsverktøy

Kvifor søkje hos oss?

  • Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø ventar for den rette kandidaten
  • Team- og saksrettleiing
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse

I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar.  Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.  Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har rimelege barnehageplassar, ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold og fritids- og aktivitetstilbod for både store og små.

Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos einingsleiar Linda Dalsøren Meier på telefon 577 89 513 eller 417 68 401

Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset, felles lunsj i kantina og kollegatrim ein gang i veka.  Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.  

Vi ser fram til søknaden din!

Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad.  Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

Relevante lenkjer

 

Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

049867346

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

27.04.2025

Arbeidsstad:

Hyllestad

Kontaktpersonar:

Einingsleiar helse Linda Dalsøren Meier

tlf: +47 57789513

mob: +47 41768401

Adresse:

Lifjordvegen 7 6957 Hyllestad

Kart: