Ønskjer du spennande stilling innan psykisk helse og rus?
Fagleiar i psykisk helse- og rusteneste - ny utlysing
Vi har ledig 100 % fast stilling som fagleiar i psykisk helse- og rustenesta
Hyllestad kommune søkjer etter deg som har interesse for å arbeide med psykisk helse og rus, hovudsakleg for vaksne og unge, men vi arbeider òg med heile familiar. Stillinga inngår i helseavdelinga, med einingsleiar helse som næraste overordna.
Tenesta gjev tilbod om samtaleoppfølging og miljøterapi til personar med psykisk helse- og rusutfordringa heimehøyrande i kommunen. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerleg oppfølging, med trygge og føreseielege rammer. Mykje av arbeidet vil vere ein til ein oppfølging. Dette medfører ei stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at du er trygg på eigne avgjersler.
Kvifor søkje hos oss?
- Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø ventar for den rette kandidaten
- Vi har team- og saksrettleiing for tilsette i tenesta
- Du får moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
I tillegg vert du medlem i KLP, ei av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP
Kvifor Hyllestad?
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?
Vi har rimelege barnehageplassar, ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold og fritids- og aktivitetstilbod for både store og små.
Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo
Som fagleiar vil dine daglege arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
- Målretta psykisk helse- og rusarbeid i kommunehelsetenesta
- Faglege vurderingar og koordinering av tenesta
- Koordinering og drive ansvarsgrupper
- Oppfølging av tenestemottakarar, samtalar og miljøterapi
- Lokal oppfølging av behandlingsvedtak frå spesialisthelsetenesta
- Dokumentasjon og journalføring
- Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
- Rettleiing til brukarar og tilsette som er involvert i behandling
- Utarbeiding og oppfølging av prosedyrar og planar
- Rapportering
Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.
Vi ønskjer at du
- har bachelorutdanning innan relevant helse- eller sosialfagleg utdanning
- helst vidareutdanning innan psykisk helse og/eller rusbehandling
- og gjerne erfaring frå arbeid med målgruppa og kommunale tenester.
- Relevant erfaring innanfor fagfeltet kan kompensere for manglande vidareutdanning.
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og likar å jobbe i tverrfaglege team. Du har evne til å koordinere, planlegge og prioritere og god relasjonell kompetanse. I tillegg bør du ha gode digitale ferdigheiter og gode norskkunnskapar både skriftleg og munleg.
Du må ha førarkort for bil. Du må kunne vise fram tilfredsstillande politi- og helseattest før tiltreding.
Kontakt
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos einingsleiar Linda Dalsøren Meier på telefon 577 89 513 eller 417 68 401
Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset, felles lunsj i kantina og kollegatrim ein gang i veka. Som kommunalt tilsett får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.
Vi ser fram til søknaden din!
Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!
Relevante lenkjer
- Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar
- Hyllestadinfo
- Informasjon om bustadtilskot til førstegangsetablerarar
- Sjå film om den fine kommunen vår!
Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no
Del på:
Referansenummer:
014344616
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
23.03.2025
Arbeidsstad:
Hyllestad
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.noAdresse:
Lifjordvegen 7 6957 Hyllestad