Sekretærstilling i omsorgstenesta
Vi søkjer etter sekretær i omsorgstenesta, fast 100 % stilling frå 1.5.2024.
Kvifor søkje hos oss?
- Viktige, interessante og meiningsfulle oppgåver ventar på deg
- Kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
- Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
- Fleksitid og moglegheit for delvis heimekontor
I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP
Kvifor Hyllestad?
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?
Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.
Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo
Som sekretær vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:
- Sentralbord og postmottak for omsorgstenesta
- Publikumsekspedering
- Arkivarbeid
- Enklare sakshandsaming
- Lønsarbeid, førebuing til lønskøyring/timelister
- Bidra i arbeidet med å legge turnus
- Bidra i arbeidet med å leige inn vikarar
- Noko økonomiarbeid
Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.
Vi ser for oss at du har
fagbrev innan kontorarbeidsfaget, eller minimum fullført vidaregåande skule, relevant praksis er ein fordel og kan kompensere for manglande formell utdanning. Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig og til å ta ansvar, ha god IT-forståing og gode norskkunnskapet både munleg og skriftleg. Vi brukar Visma HRM som lønssystem, WebSak+ som sakshandsamarsystem og RS Tieto som personalsystem.
Kontakt
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos einingsleiar omsorg Unni Systaddal, tlf. 481 79 160.
Som kommunalt tilsett vil du få gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.
Vi ser fram til søknaden din!
Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!
Relevante lenkjer
- Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar
- Hyllestadinfo
- Informasjon om bustadtilskot til førstegangsetablerarar
- Sjå film om den fine kommunen vår!
Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no
Del på:
Referansenummer:
890196126
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
23.03.2025
Tiltreding:
01.05.2025
Arbeidsstad:
Sørbøvåg
Kontaktpersonar:
Einingsleiar omsorg Unni Systaddal
mob: +47 48179160
Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.noAdresse:
Åfjordvegen 903 6958 Sørbøvåg