Omsorgstenestene

Helsefagarbeidarar

Vi søkjer etter helsefagarbeidarar til omsorgstenestene, vi har no ledig to faste 100 % stillingar frå snarast/etter nærare avtale.

Kvifor søkje hos oss?

  • Du kan utgjere ein forskjel og vere med å skape gode dagar for pasientane våre, både i heimetenesta og ved sjukeheimen
  • Du får samarbeide med kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
  • Kvar dag vil du oppleve gode møter med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
  • Vi har årsturnus, tre-delt skift - og du får høve til å påverke korleis din årsturnus skal bli

I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar.  Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Som helsefagarbeidar vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:

  • Vanlege pleieoppgåver og helsehjelp til pasientane våre
  • Medikamenthandtering i samråd med sjukepleiar
  • Bidra og sikre til god kvalitet og forsvarlegheit i tenesta
  • Tverrfagleg samarbeid, deltaking i utvikling- og forbetringsarbeid
  • Journalføring i CosDoc, kontakt med pasientar og deira pårørande

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.   

Vi vil at du har

autorisasjon som helsefagarbeidar (hjelpepelair, omsorgsarbeidar). Om du har vidareutdanning eller erfaring innan områda kreft, diabetes, sårbehandling eller psykiatri, ser vi det som ein fordel, men det er ikkje eit krav. Vi kunne òg trenge nokon som er oppteken og har erfaring med velferdsteknologi. 

Tenkjer du om deg sjølv at du er evne til å gje omsorg og tryggleik, har eit heilheitsblikk, samt er motivert for å arbeide med eldre og sjuke pasientar, då er du nok ein god kandidat for oss.

For å arbeide i heimesjukepleien er det naudsynt med førarkort for personbil, vi har eigne bilar i tenesta.  Godkjent politiattest og eigenerklæring smittevern må leverast før tiltreding.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos fagleg leiar Hilde Merethe Håvåg, tlf. 404 14 761 eller einingsleiar Unni Systaddal, tlf. 481 79 160.

Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg.  

Tilsette i Hyllestad kommune får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.  

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.  Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.

Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo

Vi ser fram til søknaden din!

Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad.  Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

Relevante lenkjer

 

Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

677486209

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

23.03.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Sørbøvåg

Kontaktpersonar:

Einingsleiar omsorg Unni Systaddal

mob: +47 48179160

Fagleiar Hilde Håvåg

mob: +47 40414761

Adresse:

Åfjordvegen 903 6958 Sørbøvåg

Kart: