Sjukepleiarstillingar

Vi søkjer etter to sjukepleiar til omsorgstenestene, fast 100 % stilling.

Kvifor søkje hos oss?

  • Interessante, spennande, meiningsfulle og varierte oppgåver ventar på deg
  • DU kan utgjere ein forskjel og vere med å skape gode dagar for pasientane våre, både i heimetenesta og ved sjukeheimen
  • Du får samarbeide med kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
  • Kvar dag vil du oppleve gode møter med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
  • 3-delt turnus, og 20' i lønstillegg for sjukepleiarar i turnus (alltid på topp)

I tillegg vert du medlem i KLP Sjukepleiarordning, eit av landets beste pensjonsordningar.  Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.  Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.

Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestad info

Som sjukepleiar vil dine daglege arbeidsoppgåvene mellom anna vere:

  • Vanlege pleieoppgåver
  • Medikamenthandtering
  • Jorunalføring i CosDoc
  • Oppfølging av individuelle planar
  • Oppretthalde eit godt samarbeid med bebuarar, pårørande, kollegaer og andre faggrupper
  • Rettleiing for studentar og andre, periodevis
  • Halde deg fagleg oppdatert på eige fagområde og interne rutinar

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.

Du må ha

norsk autorisasjon som sjukepleiar. I tillegg bør du beherske norsk godt. Om du har vidareutdanning eller erfaring innan områda kreft, diabetes, sårbehandling eller psykiatri, så ser vi det som ein fordel, men det er ikkje eit krav.  Vi kunne òg trenge nokon som er oppteken og har erfaring med velferdsteknologi.

Vi søkjer etter ein fagleg engasjert sjukepleiar som er dedikert til å levere tenester av høg kvalitet. Om du har evne til å gje omsorg og tryggleik, har eit heilheitsblikk, samt er motivert for å arbeide med eldre og sjuke pasientar, då er du nok den rette nye medarbeidaren for oss!

Det er nødvendig med førarkort for bil, kommunen har bilar til disposisjon i arbeidstida.

Tilfredsstillande politiattst må leverast før tiltreding, samt eigenerklæring om smittevern.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få av einingsleiar omsorg Unni Systaddal, telefon 481 79 160 eller fagleiar Hilde Håvåg, telefon 404 14 761.

Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg.   

 

Vi ser fram til din søknad!

Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad.  Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

Relevante lenkjer

 

Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

495857286

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

23.03.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Sørbøvåg

Kontaktpersonar:

Einingsleiar omsorg Unni Systaddal

mob: +47 48179160

Fagleiar Hilde Håvåg

mob: +47 40414761

Adresse:

Åfjordvegen 903 6958 Sørbøvåg

Kart: