Sjukepleiar på natt

Vi søkjer etter ein sjukepleiar på natt, fast 100 % stilling.

Kvifor søkje hos oss?

  • Interessante, spennande, meiningsfulle og varierte oppgåver ventar på deg
  • Kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
  • Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
  •  20' i lønstillegg for sjukepleiar i turnus (alltid på topp)
I tillegg vert du medlem i KLP Sjukepleiarordning, eit av landets beste pensjonsordningar.  Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.  Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.

Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestad info

Som sjukepleiar på natt vil arbeidsoppgåvene mellom anna vere:

  • Vanlege pleieoppgåver
  • Medikamenthandtering
  • Jorunalføring i CosDoc
  • Oppfølging av individuelle planar
  • Oppretthalde eit godt samarbeid med bebuarar, pårørande, kollegaer og andre faggrupper
  • Rettleiing for studentar og andre, periodevis
  • Halde deg fagleg oppdatert på eige fagområde og interne rutinar

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.

Du må ha

norsk autorisasjon som sjukepleiar. I tillegg bør du beherske norsk godt.

Vi søkjer etter ein fagleg engasjert sjukepleiar som er dedikert til å levere tenester av høg kvalitet. Du kan godt vere nyskjerrig på ny teknologi og opptatt av kontinuerleg utvikling.

Det er nødvendig med førarkort for bil, kommunen har bilar til disposisjon i arbeidstida.

Tilfredsstillande politiattst må leverast før tiltreding, samt eigenerklæring om smittevern.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få av einingsleiar omsorg Unni Systaddal, telefon 481 790 160 eller fagleiar Hilde Håvåg, telefon 404 14 761.

Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg.   

 

Vi ser fram til din søknad!

Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad.  Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

Relevante lenkjer

 

Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

340767948

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Natt

Søknadsfrist:

23.03.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Sørbøvåg

Kontaktpersonar:

Einingsleiar omsorg Unni Systaddal

mob: +47 48179160

Fagleiar Hilde Håvåg

mob: +47 40414761

Adresse:

Åfjordvegen 903 6958 Sørbøvåg

Kart: