Hyllestad kommune

Ferievikarar i omsorgstenesta

Omsorgstenestene søkjer etter ferievikarar sommaren 2025


Vi ser etter vikarar til følgjande oppgåver:

  • Pleiepersonale til sjukeheimen
  • Pleiepersonale til heimtetenestene

I søknaden din må du opplyse om kva stilling du søkjer, kor mykje du kan jobbe og kva tidsrom som er aktuelt for deg, vi har trong for ferievikarar i vekene 25 - 32.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere knytt til utføring av stell og pleie, tilsyn og miljøarbeid, samt bistå ved måltid.  Oppgåver vil variere alt etter kva stilling du søkjer.  Arbeid etter den til ei kvar tid gjeldande turnusordning.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du er under utdanning eller har fullført utdanning innan helse- og sosialfag - gjeld både yrkesfagleg retning og høgskuleutdanningar.
  • Søkjarar til arbeid i heimetenestene må ha førarkort for bil.
  • Dei som vert tilsett må kunne vise fram tilfredsstillande politiattest og helseattest før tiltreding.
  • Du må kunne arbeide både sjølvstendig, men òg saman med andre kollegaer.
  • Du må kunne vise omsorg og bry deg om andre menneske.

Vi kan tilby

  • Studentar som tek helse- og sosialfaglege utdanningar har eiga avlønning etter kommunen sin lønspolitiske plan.
  • Bonus kr 5.000 til vikarar som kan binde seg til planlagt turnus i 4 veker (80-100%). Vekene treng ikkje vere samanhengande, men behovet er styrande.
  • Bonus kr. 2.000 til studentar som er i utdanning som sjukepleiar, vernepleiar og lege.
  • Garantiløn for nytilsette sjukepleiarar/vernepleiarar jf kommunen sin lønspolitiske plan
  • Medlemsskap i Noregs beste pensjonsordning KLP
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Ein jobb som byr på spennande utfordringar
  • Moglegheit for vidare jobb etter sommaren, både fast, vikariat og tilkalling

 

Håpar vi ser DEG som søkjar!  Tilsetting fortløpande, så ikkje vent med å søkje!

Del på:

Referansenummer:

016366873

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

16.03.2023

Arbeidsstad:

Sørbøvåg

Kontaktpersonar:

Einingsleiar omsorg Unni Systaddal

mob: +47 48179160

Fagleiar Hilde Håvåg

mob: +47 40414761

Adresse:

Åfjordvegen 903 6958 Sørbøvåg

Kart: