Hyllestad kommune Samfunnsutvikling og teknisk drift

Ønskjer du stilling innan psykisk helse og rus?

Fagleiar i psykisk helse- og rusteneste

Vi har ledig 100 % fast stilling som leiar i psykisk helse- og rustenesta frå medio april.

Hyllestad kommune søkjer etter deg som har interesse for å arbeide med psykisk helse og rus, hovudsakleg for vaksne og unge, men vi arbeider òg med heile familiar. Stillinga inngår i helseavdelinga, med einingsleiar helse som næraste overordna.

Tenesta gjev tilbod om samtaleoppfølging og miljøterapi til personar med milde og moderate psykisk helse- og rusutfordringa heimehøyrande i kommunen. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerleg oppfølging, med trygge og føreseielege rammer. Mykje av arbeidet vil vere ein til ein oppfølging. Dette medfører ei stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at du er trygg på eigne avgjersler.

Kvifor søkje hos oss?

  • Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø ventar for den rette kandidaten
  • Team- og saksrettleiing
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse

I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar.  Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.  Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har rimelege barnehageplassar, ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold og fritids- og aktivitetstilbod for både store og små.

Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo

Som fagleiar vil dine daglege arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

    • Målretta psykisk helse- og rusarbeid i kommunehelsetenesta
    • Faglege vurderingar og koordinering av tenesta
    • Koordinering og drive ansvarsgrupper
    • Oppfølging av tenestemottakarar, samtalar og miljøterapi
    • Lokal oppfølging av behandlingsvedtak frå spesialisthelsetenesta
    • Dokumentasjon og journalføring
    • Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
    • Rettleiing til brukarar og tilsette som er involvert i behandling
    • Utarbeiding og oppfølging av prosedyrar og planar

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.

Vi ser for oss at du har

bachelorutdanning innan helse- eller sosialfagleg utdanning, helst med vidareutdanning innan psykisk helse og/eller rusbehandling.  Relevant erfaring innanfor fagfeltet kan kompensere for manglande vidareutdanning. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og likar å jobbe i tverrfaglege team. Du har evne til å koordinere, planlegge og prioritere og god relasjonell kompetanse. I tillegg bør du ha gode digitale ferdigheiter og gode norskkunnskapar både skriftleg og munleg.

Du må ha førarkort for bil. Du må kunne vise fram tilfredsstillande politi- og helseattest før tiltreding.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos einingsleiar Linda Dalsøren Meier på telefon 577 89 513 eller 417 68 401

Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset, felles lunsj i kantina og kollegatrim ein gang i veka.  Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.  

Vi ser fram til søknaden din!

Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad.  Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

Relevante lenkjer

 

Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

279579184

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

16.02.2025

Tiltreding:

22.04.2025

Arbeidsstad:

Hyllestad

Kontaktpersonar:

Einingsleiar helse Linda Dalsøren Meier

tlf: +47 57789513

mob: +47 41768401

Adresse:

Lifjordvegen 7 6957 Hyllestad

Kart: