Hyllestad kommune - omsorgstenestene

Lærling som helsefagarbeidar med utdanningsstipend

Vi har ledig læreplass for lærling som helsefagarbeidar.

Kvifor søkje hos oss?

  • Du vil få ein variert arbeidsdag gjennom å gje stell, pleie og omsorg til pasientane 
  • Eigen praksisrettleiar
  • Kjekke og kompetente kollegaer
  • Moglegheit til å arbeide på institusjon og/eller heimetenestene
  • Arbeidstid etter oppsett årsturnus, med arbeid dag og kveld (ikkje natt som lærling)
  • Sjukeheimen og heimetenestene sin base er lokalisert i same bygg, med omsorgsbustader i tilknytning
  • For lærlingar unde 25 år kan vi tilby eit stipend på 100.000 mot 2 års bindingstid etter avlagt fagprøve

Som helsefagarbeidarlærling vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:

  • Gje pleie og omsorg med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for den enkelte i det daglege
  • Dokumentasjon i CosDoc pasientjournalsystem etter gjeldande regelverk 
  • Bidra til godt samarbeid og informasjonsflyt på tvers av faggrupper og avdelingane

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.

Vi ynskjer deg som 

  • har fullført 2 år på vidaregåande, og har igjen praksistida
  • er motivert
  • vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • er glad i menneske
  • viser omsorg og respekt for andre

Det vil bli nødvendig med førarkort for bil når ein skal arbeide i heimetenestene, kommunen har bilar til disposisjon i arbeidstida.  Det er krav om tilfredsstillande helse- og politiattest for stillinga.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få av einingsleiar Unni Systaddal tlf. 481 790 160 eller fagleiar Hilde Håvåg tlf. 404 14 761.

Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse.  Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset.  Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår. 

Vi ser fram til din søknad!

Ønskjer du å vere ein del av Hyllestad kommune si framtidige eldreomsorg?  Då er det deg vi leitar etter!  Vi ønskjer oss ein kollega som vil vere med å bidra til at pasientane våre opplever gode omsorgstenester, kvar dag er like viktig.

Relevante lenkjer/info

 

Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no

 

VELKOMEN SOM SØKJAR!

 

Del på:

Referansenummer:

879376502

Jobbtype:

Praksis

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

24.03.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Hyllestad kommune

Kontaktpersonar:

Einingsleiar omsorg Unni Systaddal

mob: +47 48179160

Fagleiar Hilde Håvåg

mob: +47 40414761

Adresse:

Åfjordvegen 903 6958 Sørbøvåg

Kart: