Økonomisjef
Vi søkjer etter økonomisjef til fast 100 % stilling frå 15.2.2025.
Kvifor søkje hos oss?
- Viktige og spennande oppgåver ventar for den rette kandidaten
- Kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
- Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
- Fleksitid og moglegheit for delvis heimekontor
I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP
Kvifor Hyllestad?
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?
Vi har rimelege barnehageplassar, ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold og fritids- og aktivitetstilbod for både store og små.
Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo
Som økonomisjef har du det overordna fagansvar for kommunen sitt drift- og investeringsrekneskap og dine daglege arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
- Organisering og koordinering av aktivitetane i økonomiavdelinga
- Yte hjelp til kommunedirektøren og budsjettansvarlege i samband med økonomiplan- og budsjettarbeid, samt sjå til at refusjonar kjem inn
- Bidra inn i vurderinga knytt til økonomiske konsekvensar av ulike politiske og administrative tiltak
- Hovudansvar for KOSTRA-rapportering og rapportering til Statsforvaltaren innan økonomiområdet
- Overordna ansvar for kommunen sine forsikringar (både ting og person)
- Ansvar for lån og fond, og bidrag til å sikre best mogleg avkastning på kommunen sin kapital og eigedomar
- Ansvar for startlån gjennom Husbanken
Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.
Vi ser for oss at du har
bachelorutdanning innan økonomi, og gjerne erfaring frå kommunal verksemd.
Vi brukar Visma HRM som lønssystem, WebSak+ som sakshandsamarsystem og Visma Enterprise og Framsikt til budsjett og rekneskap.
Personlege eigenskapar for stillinga er viktig, det krevst struktur, orden og kvalitet for å løyse oppgåvene best mogleg.
Kontakt
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos leiar for sentraladministrasjonen Elin Garnes Solås, telefon 577 89 504/ 905 07 908.
Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg. I tillegg til Elin, så treff du Ingvild, Ingvill, Rune, Atle og Kari i staben som utgjer sentraladministrasjonen.
Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset, felles lunsj i kantina og kollegatrim ein gang i veka. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.
Vi ser fram til søknaden din!
Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!
Relevante lenkjer
- Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar
- Hyllestadinfo
- Informasjon om bustadtilskot til førstegangsetablerarar
- Sjå film om den fine kommunen vår!
Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no
Del på:
Referansenummer:
191137332
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
15.12.2024
Tiltreding:
15.02.2025
Arbeidsstad:
Hyllestad
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.noAdresse:
Lifjordvegen 7 6957 Hyllestad