Sjukepleiar/vernepleiar med interesse for psykisk helse
Hyllestad kommune søkjer etter sjukepleiar eller vernepleiar i 100 % fast stilling, gjerne med vidareutdanning innan psykisk helse og eller rusbehandling.
Stillinga inngår i psykiatri- og rustenesta frå snarast til ca sept. 2025, vidare teneste innan helse og omsorg.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til at brukarar får utnytte sitt potensiale og oppleve livsmestring
- Motivere og legge til rette for ein aktiv og sosial kvardag etter brukar sine mål
- Motivere brukarar til eigeninnsats
- Koordinere og drive ansvarsgrupper
- Førebyggande helsearbeid
- Tverrfagleg samarbeid både i kommunen, med spesialisthelseenesta og andre instansar
Kvalifikasjonar
- Bachelor som sjukepleiar eller vernepleiar, gjerne med videreutdaning innan psykisk helse eller rusarbeid
- Annan relevant høgskuleutdanning kan også vurderast
- Relevant erfaring innan arbeidsfeltet
- Gode norskkunnskapar
- Førarkort for personbil
- Du må kunne vise fram tilfredsstillande politi- og helseattest før tiltreding
- Personlege eigenskapar for stillinga er viktig, vi ser etter nokon som er trygge og kan hjelpe mennesker i sårbare livssiutasjonar
Du vert medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP
Klar til å søkje? Gå rett til søknadsskjema her
Kvifor Hyllestad?
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?
Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.
Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo
Kontakt
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos kommunalsjef helse og omsorg Rolf Horne, telefon 577 89 515/ 469 37 412 eller leiar for helse Linda Dalsøren Meier, telefon 577 89 513 / 417 68 401.
Hos oss vil du få gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg.
Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset, felles lunsj i kantina og kollegatrim ein gang i veka. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.
Vi ser fram til søknaden din!
Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!
Relevante lenkjer
- Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar
- Hyllestadinfo
- Informasjon om bustadtilskot til førstegangsetablerarar
- Sjå film om den fine kommunen vår!
Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no
VELKOMEN SOM SØKJAR!
Del på:
Referansenummer:
757579316
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
21.11.2024
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Hyllestad
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.noAdresse:
Lifjordvegen 7 6957 Hyllestad