Brenn du for tidlig innsats? Bli med på laget for barn og unges framtid.
Framtidsretta og nyoppretta stilling for arbeid med førebygging og tidleg innsats for barn og unge.Vi søkjer ein fleksibel og omstillingsdyktig medarbeidar som vil vere med på å utforme og utvikle tilbodet vårt framover. Målgruppa er barn, unge og unge vaksne.
Satsinga er ein del av tenestetilbodet innan helse og oppvekst med utgangspunkt i helsestasjonen og psykisk helse. Stillinga vil ha ei sentral rolle i utvikling av kompetanse, praksisar og rutinar for samarbeid både når det gjeld førebygging, tidleg innsats og psykisk helse for målgruppa, og er organisert under einingsleiar for helse. Oppvekst, helsestasjon og psykisk helse er sentrale samarbeidspartar.
Du får vere med å prege utforminga av stillinga. Psykisk helse, førebyggjande arbeid, tidleg innsats og samarbeid på tvers av relevante og eksisterande fagområde, legg føringa for stillinga og arbeidsoppgåvene. I starten vil oppgåvene vere av mest strukturell art, medan dei etterkvart vil vere meir tiltaksretta.
Arbeidsoppgåver:
utvikle ein tilpassa samhandlingsmodell
understøtte kompetanseutvikling. Utvikle rutinar og praksis for førebygging, tidlig innsats og samarbeid for utsette barn og unge.
iverksette, koordinere og følgje opp tiltak i regi av helsestasjonen og psykisk helse.
Vi tilbyr :
Arbeidskvardag med mykje variasjon.
Fleksibel arbeidstid- fleksitidsløysing
Moglegheit for heimekontor med innil ein dag i veka dersom det passar drifta
Eit godt samarbeid arbeidsmiljø der vi legg til rette for personleg utvikling
Moglegheit for kompetanseheving etter gjeldande kompetanseplan
Lønn og arbeidvilkar i samsvar med lov- og avtaleverket
Kvalifikasjonskrav:
Minimum 3- årig høgare utdaning innanfor helse- og sosialfag og pedagogikk - til dømes : Sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog og pedagog. Gjerne med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, rusarbeid, barnesjukepleie, eller anna relevant relasjonell utdanning og gjerne prosjektleiing/-erfaring.
Personlege eigenskapar:
Gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse
evne til å jobbe sjølvstendig
gode norskferdigheiter både munnleg og skriftleg
personlege eigenskaper vert vektlagde
Du vert medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP
Klar til å søkje? Gå rett til søknadsskjema her
Kvifor Hyllestad?
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?
Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.
Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo
Kontakt
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos kommunalsjef helse og omsorg Rolf Horne, telefon 577 89 515/ 469 37 412.
Hos oss vil du få gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg.
Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset, felles lunsj i kantina og kollegatrim ein gang i veka. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.
Vi ser fram til søknaden din!
Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!
Relevante lenkjer
- Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar
- Hyllestadinfo
- Informasjon om bustadtilskot til førstegangsetablerarar
- Sjå film om den fine kommunen vår!
Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no
VELKOMEN SOM SØKJAR!
Del på:
Referansenummer:
805984089
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
01.12.2024
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Hyllestad
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.noAdresse:
Lifjordvegen 7 6957 Hyllestad