Helsesjukepleiar - vikariat

Helsesjukepleiaren vår skal ha foreldrepermisjon, vi søkjer difor etter ein vikar i 100 % stilling frå 1.1.2025 og i eitt år framover.

Helsesjukepleiar har kontor på kommunehuset, lokalisert saman med m.a. legetenesta og etablert samarbeid med barnelege. Helsestasjonen har ansvar for barn 0 - 6 år, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom 13-20 år og jordmorteneste.  Vi deler jordmor med Askvoll og Fjaler kommune. 

Kvifor søkje hos oss?

  • Moglegheit til å bidra til ein sunn og trygg oppvekst for born og ungdom i Hyllestad
  • Moglegheit til å bidra aktivt i fag- og tenesteutvikling
  • Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
  • Fleksibel arbeidstid med kjernetid mellom 9 - 14, samt moglegheit for delvis heimekontor

I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar.  Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Klar til å søkje?  Gå rett til søknadsskjema her

Som helsesjukepleiar vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:

  • Vanlege helsestasjonsoppgåver knytt til helseundersøking og vaksinering av barn   
  • Skulehelseteneste 1 dag per veke, lokalisert på skulen
  • Råd og rettleiing til foreldre/foresatte
  • Tverrfagleg samarbeid 
  • Skriftleg dokumentasjon og journalføring i tråd med gjeldande regelverk

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.

Vi ser for oss at du er

utdanna sjukepleiar, helst med vidareutdanning som helsesjukepleiar.  Personlege eigenskapar for stillinga er viktig, du må vere interessert i barn og helse, tenkje tverragleg og heilheitleg, vere oppteken av å trygge og styrke foreldrerolla og ha gode kommunikasjonsferdigheiter i møte med brukarane våre.

Det er nødvendig med førarkort for bil, kommunen har bilar til disposisjon i arbeidstida.  Den som vert tilsett må kunne vise fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding, det er ein forutsetnad for tilsetting.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få av kommunalsjef Rolf Horne, telefon 577 89 515 eller leiande helsesjukepleiar Signe Bjorøy, telefon 577 89 512.

Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset, felles lunsj i kantina og kollegatrim ein gang i veka.  Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.  Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

 Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.

 Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestad info


Vi ser fram til din søknad!

Helsestasjonen er eit viktig tilbod for foreldre og barn i kommunen.  Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad.  Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

Relevante lenkjer

 

Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

879295849

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

13.10.2024

Tiltreding:

01.01.2025

Arbeidsstad:

Hyllestad

Kontaktpersonar:

Helsesjukepleiar Signe Bjorøy

tlf: +47 57789512

mob: +47 45878178

HR-leiar Elin Garnes Solås

tlf: +47 57789504

mob: +47 90507908

Kommunalsjef Rolf Horne

tlf: +47 57789515

mob: +47 46937412

Adresse:

Lifjordvegen 7 6957 Hyllestad

Kart: