HYLLESTAD KOMMUNE

Reinhaldar/praktisk bistand i heimen

Hyllestad kommune har ledig eit vikariat i 100 % stilling som reinhaldarar/praktisk bistand i heimen.  Stillinga er eit vikariat frå juni 2024 til juni 2025, med moglegheit for fast tilsetting.

Det er tilrettelagt for reinhald på dagtid.  Vi ser no etter ein medarbeidar som tar eit aktivt ansvar, er engasjert og ansvarleg i si rolle i organisasjonen vår.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg reinhald på institusjon.
  • Dagleg reinhald i brukar sin heim etter vedtak og gjeldande arbeidslister.
  • Avfallshandtering.
  • Bruk av ulike reinhaldsmaskiner.
  • Periodisk reinhald/nedvask.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som reinhaldar er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Ønskjeleg med relevant erfaring som reinhaldar.
  • Gode norskkunnskapar.
  • Førarkort for personbil.

Personlege eigenskaper

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Ansvarsbevisst, påliteleg, ryddig og serviceinnstilt.
  • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Den som vert tilsett må vise fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Vi tilbyr

  • Fagleg godt arbeidsmiljø, trivelege kollegaer.
  • Løn etter tariff.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP (2 % av løna vert trekt til pensjon).
  • God arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift) og tilknytt bedriftshelseteneste.
  • Bustadstilskot til førstegangsetablerarar etter eigne reglar
  • Gratis trening i Hyllestadhallen sitt styrkerom.

 

Velkomen som søkjar!

Del på:

Referansenummer:

982552080

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.05.2024

Kontaktpersonar:

Adm.leiar Unni Systaddal

mob: +47 48179160

HR-leiar Elin Garnes Solås

tlf: 57789504

mob: +47 57789504

Adresse:

Åfjordvegen 903 6958 Sørbøvåg

Kart: