Hyllestad kommune Omsorgstenestene

Bli støttekontakt

Har du lyst å hjelpe andre til å delta i kultur- og fritidsaktivitetar?

Som støttekontakt vil du bidra til å bryte isolasjon og hjelpe den enkelte å komme seg ut av heimen og delta i ulike aktivitetar.  Ein personleg støttekontakt føl som oftast opp enkeltperson som treng litt tettare oppfølging. 

Vi søkjer no spesielt etter støttekontakt til eit personleg oppdrag til kvinne over 80 år til ulike aktivitetar, turgåing og nokon å snakke med.  Det er viktig at du går godt overeins med den som treng støttekontakt, så fint om du kan skrive litt om dine interesser innan kultur- og fritidsaktivitetar i søknaden.

Arbeidsoppgåver blir, saman med den ein er støttekontakt for, å finne eigna kultur- og fritidsaktivitetar utifrå denne sine interesser og behov, motivere og tilrettelegge for deltaking - gjerne saman med andre.

Det er ingen krav til formell utdanning for å vere støttekontakt.  Du må vere over 18 år, og vi legg vekt på personleg eignaheit, interesse og respekt for mennesker.  Politiattest vert kravd framlag før oppstart som støttekontakt.
Vi mottek også søknader på generelt grunnlag om du ønskjer å melde deg som støttekontakt.

 

Velkomen som søkjar!

Del på:

Referansenummer:

775647704

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Kontrakt-/prosjektbasert

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

21.04.2024

Kontaktpersonar:

Adm.leiar Unni Systaddal

mob: +47 48179160

Fagleiar Hilde Håvåg

mob: +47 40414761

Adresse:

Åfjordvegen 903 6958 Sørbøvåg

Kart: