Hyllestad kommune Samfunnsutvikling og teknisk drift

Kommunen sin viktigaste jobb er ledig!

Løn- og stabsmedarbeidar

Vi søkjer etter løn- og stabsmedarbeidar, fast 100 % stilling frå 1.8.2024.

Kvifor søkje hos oss?

  • Viktige, interessante og meiningsfulle oppgåver ventar på deg
  • Kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
  • Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
  • Fleksitid og moglegheit for delvis heimekontor

I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar.  Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Klar til å søkje?  Gå rett til søknadsskjema her

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.  Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.

Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo

Som løn- og stabsmedarbeidar vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:

  • Lønsarbeid/lønskjøring
  • Sjukelønsrefusjon
  • Personalarbeid

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.

Vi ser for oss at du har

bachelorutdanning innan økonomi og administrasjon/administrasjon og leiing/HR og personalleiing eller liknande, og gjerne erfaring frå kommunal verksemd. Relevant praksis kan kompensere for manglande formell utdanning. Vi brukar Visma HRM som lønssystem, WebSak+ som sakshandsamarsystem.

Personlege eigenskapar for stillinga er viktig, det krevst struktur, orden og kvalitet for å løyse oppgåvene best mogleg.  

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos leiar for sentraladministrasjonen Elin Garnes Solås, telefon 577 89 504/ 905 07 908.

Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg.  I tillegg til Elin, så treff du Marit, Kaja, Ingvil, Rune, Atle og Kari i staben som utgjer sentraladministrasjonen. 

Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset, felles lunsj i kantina og kollegatrim ein gang i veka.  Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.  

Vi ser fram til søknaden din!

Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad.  Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

Relevante lenkjer

 

Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

435845703

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

16.04.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Hyllestad

Kontaktpersonar:

Elin Garnes Solås, HR-leiar

tlf: +47 57789504

mob: +47 90507908

Adresse:

Lifjordvegen 7 6957 Hyllestad

Kart: