Hyllestad kommune

Dansepedagog i HAF kulturskule

Vi søkjer etter danselærar til Hyllestad, Askvoll og Fjaler kulturskule frå 1.8.2024, fast 100 % stilling.

Om du ynskje mindre stillingsprosent, kan vi legge til rette for det.

Kvifor søkje hos oss?

  • Mange kjekke elevar ventar på deg som lærar. Kulturskulen har ca 400 elevplassar fordelt på musikk, dans og kunst, omtrent 100 av desse går på dans.
  • Kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø.
  • Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse (eigenøving i arbeidstida)
  • Spennande tid i regionen med mykje utvikling på kulturfronten, mellom anna etableringa av kulturhuset Samvirke i Dale med kultursalar, lydstudio, prøveslal for profesjonelle dansekompani, teater og anna scenekunst.
  • Gode danselokaler i ny idrettshall i Hyllestad.

I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar.  Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Klar til å søkje?  Gå rett til søknadsskjema her

 

Som danselærar vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:

  • Planlegge og gjennomføre danseundervisning og danseshow.
  • Samhandle med dei andre tilsette i kulturskulen og andre samarbeidspartnarar.
  • Kommunisere ryddig og tydeleg med elevar og føresette.
  • Utviklingsarbeid i kulturskulen, vidareutvikle det etablerte dansetilbodet.

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.

Vi ser for oss at du har

relevant høgare utdanning og erfaring med undervisning, samt personleg eignaheit for ei undervisningsstilling i kulturskulen.  Det er nødvendig med førarkort for bil, undervisning vil kunne skje både i Hyllestad, Askvoll og Dale.  Kommunen har bilar til disposisjon i arbeidstida.

Det er krav om godkjent politiattest for stillingar i kulturskulen før tiltreding.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få av kulturskulerektor Mats Willemoès Systaddal, telefon 974 60 697.

H oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og bidrar til eit nettverk innan kunst og kultur.

Vi har eit godt arbeidsmiljø i kulturskulen og mange kjekke elevar. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår på Hyllestad. 

 

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.  Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.

Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo

 

Vi ser fram til din søknad!

Send oss ein søknad om du har lyst til å vere med oss på laget.

Vi ventar spent og gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

 

Relevante lenkjer/informasjon

Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

615858561

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

05.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

HAF kulturskule

Kontaktpersonar:

Kulturskulerektor Mats Willemoès Systaddal

tlf: +47 97460697

Personalsjef Elin Garnes Solås

tlf: +47 57789504

mob: +47 90507908

Adresse:

Lifjordvegen 6 og 7 6957 Hyllestad

Kart: